Ivelandsm..."> Ivelandsm...">

KORPSKRIFTEN

...
Meny

Deildegasten

Transkriberad uppteckning

Frå gamalt av skal slåtta Rudningen ha haurt til garden Høyland i Grindheim, men ivelandsfolka skal ha træta henne til seg med "snigje-rett".
Ivelandsmannen heitte Eirik Ståleson. Han henta heim lagretten, og lagmannen (låmannen) som var domar, hadde det med det at han gav den rett som betalte best.
Det var eit vers om det:
Den som he ein lette pung,
den ska få ein tunge dom.
Men den so he ein tunge pung,
den ska få ein lette dom.
Så seie låmannen.
Så seie låmannen.

Eirik Ståleson visste nok ko han skulde gjera for å få rett på slåtta. Han ba låmannen inn på skjenk, og så la han gullpengar i glaset.
Då retten blei sett, førte høylandsfolk fram fleire vitne på at slåtta haure Høyland til, men domen gjekk dei imot like godt, så Eirik Iveland fekk slåtta.
Sidan gjekk både lagmannsretten og Eirik gast på strenjen mot Høyland, og dei haure kos låmannen gjekkk og jamra seg og sa: "Eg dømde urett. Eg dømde urett."
"Dæ fekk du mange penga for," sa då Eirik Ståleson.
Når gastane kom for nere heim til Iveland, tok ivelandsmannen ei boløks og rusla bort imot dei og fekk jaga dei ned att i slåtta.
Nå æ det lenge sidan dei haure Ivelandsgasten, men dei gamle segjer at dei hev haurt han mange gonger.
"Ja, dæ æ så sant som eg vil arva Guds rige," la dei til.

Socken Konsmo
Arkivinstitution Norsk folkeminnesamling
Licens Creative Commons (CC-BY)

Fler sägner från

Utforska fler sägner & folktro
MIMER // Kunskapsassistent KLAR