Transkriberad uppteckning
I gamle dagar var det alltid eit beinhus på kyrkjegardane. Og i eit
slikt beinhus var det ein gong ikkje trygt. I tussmørkret ein kveld kom to unggutar ranglande om kyrkjegarden, og dei kom til å tala om daudingar.
«Du tør itte gå tel beinhuse nå?» sa den eine til den andre.
«Itte du heller,» svara denne. Og så vart dei ståande og
kjekla om dette ei stund. Til slutt vart dei samde om å gå dit begge.
Da dei kom inn, fekk dei auge på eit beinrakkel som sto attmed
eine veggen.
«Tru om han vil maka ostbetan je har i lomma,» sa den eine
guten. Tok så ned i lomma og stakk biten i gapet på daudingen.
Men om du vil tru det eller ikkje, beinraklet beit til, og
om litt namngav han seg. Og han ville at guten skulle gå til ei jente som han hadde svike og beda om ho ville tilgje han.
Dette lova så guten.
Straks etter ramla beinraklet saman. Og da guten skulle sjå etter, så var alt borte.