Transkriberad uppteckning
Bø-prest og Gaml-Eirik.
I Fjærestrondi ein stad sat nokre karar samla ein kveld og
spila kort. Utpaa kvelden kom der inn ein framand kar. Han
bad um lov til spila med dei, og det var kje orde imot. So spila
dei, men det gjekk paa framandkaren, han tapa til kvar um-
gangen. Men so druste eit kort i golve for ein av dei, og han
lutte seg innunder borde vilde finne det uppatt. Daa vart 'n
vare, at framandkaren hadde lange fæle kløar paa føtane, dei
hadde han hoggi fast kring bordstolen. Dei vart mest vitskræmde
alle saman og sprang upp fraa borde, for dei skyna det var
sjave Gaml-Eirik.
Men styggen sat der 'n sat og vilde ikkje flytja seg. Daa
henta dei presten i bygdi; men daa Gaml-Eirik saag honom koma
inn, so sette han i ein kald laatt:
"Du er nettupp ein av mine, du; du bankar kona di til kvar
dag!" sa han til presten og sat like trygg.
So laut presten reise att, han. Daa køyrde dei avstad heilt
til Bø og henta presten der, han heitte Wettengren, og var væl-
kjend for visdomen sin. Daa so Wettengren kom, letta styggen
paa seg i stolen.
"Der kjem den svarte Bø-bikkja!" sa han.
"Det skal du faa finne, det, at eg kjem!" svara presten.
So tok dei paa aa ordkastast so fælt.
"Du stal mat, daa du var litin," sa Gaml-Eirik.
"Det gjorde eg, fordi eg var svoltin," svara Wettengren.
"Du skodde deg fysst paa vinstre fot, daa du reiste heiman-
fraa idag," sa Gaml-Eirik.
"Det skal eg gjera umatt no," svara Wettengren, og so skodde
han seg umatt.
"Du stal ei katekisme og las i," sa Gaml-Eirik.
"Det skal du faa føle, det, at eg hev lesi katekisma," svara
Wettengren.
So tok presten paa aa mana. Bora so eit hol med ein syl i
blyraama i glase, og so truga 'n styggen ut der. Han bad for
seg um aa sleppe ut gjenom klinkehole, men det muna ikkje.
So laut 'n i sylshole, og daa pipa det og kveint i kvart veggje-
mot.