KORPSKRIFTEN

...
Meny

Hamløper

Transkriberad uppteckning

Varulv.

På Vassland i Kvås var det eit par folk som ein sommar
var i heia og slo. Då dei ut på dagen hadde fenge ihop nokre
byrder rundt stakkestonga, sette dei seg og skulle eta. Men
så kom dei til å falla ut og sat og skjendest.
Om ei stund reiste mannen seg og gjekk ifrå henne, men
først sa han til kjerringa: "Dersom dæ sku koma nogenslags
ting, så må du røyma på stakkjen å ta rivå med deg." Ho
sat ei stund og trudde bare at mannen var av eit ærend for
seg sjøl.
Om eit bel kom det ein skrubb med gapande kjeften imot
henne så ho måtte på stakken og sto der og slo ifrå seg
med riva. Ho vrålte og skreik på mannen, men ingen kom.
Skrubben blei verre og verre og ågjekk henne så hardt at
han fekk tak i pilsefallen og fekk rive av eit stykke. Då
strauk han att.
I mote kvelden laut ho ta på heimvegen kor mannen var.
Eit stykke opp for husa var det ein kalvehage. Der hadde
dei ein kalv gåande. Då ho kom forbi der, fekk ho sett at
kalven låg ihelriven og halveten.
Då ho så kom inn, låg mannen i senga og var sjuk. Så
måtte ho ut og sjå å få kjura inn krettoret aleine, og det
blei langt på nott før ho var ferdig.
Då ho kom inn att, var mannen ennå kleinar. Ho måtte
då leggja seg innår med veggen. Ut på notta måtte mannen
til å kasta opp.
Om morgonen då kona skulle fram, fekk ho sjå koss det
såg ut på tilet. Der låg det kalveklauver og kalvehår - og
pilsefallen. Då skjønte ho kva slags mann ho hadde. Det var
varulv.

Socken Lindesnes
Arkivinstitution Norsk folkeminnesamling
Licens Creative Commons (CC-BY)

Fler sägner från

Utforska fler sägner & folktro
MIMER // Kunskapsassistent KLAR
MIMER //