KORPSKRIFTEN

...
Meny

Huldrebryllup på setra (klevarsagnet)

Transkriberad uppteckning

På Heggdalsstøylen var det eit år dei var litt seine: dei fekk ikkje med seg alt saman ned frå støylen før barsoknatta kom. Så var det ei tenestgjente som skulle upp og hente «heimferda»: den mjølka og rømmen som var att. Det vara og rakk; men gjenta kom ikkje ned att. Då vart dei redde for henne nede på garden. Kjærasten hennar tok med seg ei gamal dundrebørse og drog upp og skulle sjå etter henne. Då han kom fram til selet, høyrde han ståk innanfrå. Det høyrdest ut som det var mange der inne; så han våga seg ikkje inn, men kleiv upp på taket, og titta ned igjennom ljoren. Då såg han kjærasten sitje pynta til brur midt i ein flokk med underjordiske. Guten tok børsa og løyste eit skot over taket. Då vart det reint forferdeleg til skrik og skrål der nede i stova. Døra spratt upp; og guten såg ein heil skokk med grå ullnyste som trilla nedover bakkane og vart vekk. Men gjenta sat igjen; og pyntet hadde ho på seg. Heggdalspyntet har vore i bruk til for ei 100 år sidan. Det er sume som meiner at einkvan har teke det med til Amerika. Andre trur det har vorte selt til turistar.

Socken Innvik
Arkivinstitution Norsk folkeminnesamling
Licens Creative Commons (CC-BY)

Fler sägner från

Utforska fler sägner & folktro
MIMER // Kunskapsassistent KLAR