Transkriberad uppteckning
Folk som kunde sjå tussar og slikt noko, sa folk va "synin". Og det var mange som såg dei. Dei såg heile buskapene og høyrde bjøllone deira.
Ein stad hadde folk til og med fått tak i ei av kyrne deira. Det var ei "eppelgrå, kållåt ku", og dei krossa over ho og kasta stål over ho, so ikkje tussane skulde ha makt over ho lenger. Men då kom det ei kone inn i fjoset. Ho gjekk burt til kua og sa: "Står du her du, bådde korsa og krota. Men når dem hi ti bjellkua mi, så te æ bjellsaun derres ijen". Morgonen etter var bjøllessauen burte.