KORPSKRIFTEN

...
Meny

Kone av huldreætt

Transkriberad uppteckning

Det var ein gut som var av og slo paa ei utslaatta, og so
laag han i løda um natti.
Daa det leid ut paa natti, vakna guten ved det at det kom
so mange folk inn i løda, og det var bryllupsfolk.
Brudi var so fin at guten kunde ikkje faa augo fraa henne.
So tok han og kasta tollekniven yver henne.
Daa skreik alle dei andre so fælt, og sprang ut av løda,
so guten vart aaleine med brudi, og daa hadde han henne.
Han tok henne med seg heim, og so vart det bryllup med
dei. Ho var ei drivande og greid kjerring, so dei livde godt
ihop. Men etter som det leid vart han so nøten og knarken
med henne, at ho vart reint ulukkeleg med han.
So ein dag han skulde sko hesten, var han i ulag for han
kunde ikkje faa skorne til aa høva. Ho spurde kva det var
som var i vegen, og so sa han det var skorne som vart for
tronge.
Kann du ikkje dra dei ut? spurde ho.
Nei det kunde han ikkje. Det vart ikkje anna av, han 1aut
til smeden, sa han.
La meg faa skoen! sa ho.
Han flidde skoen til henne, og ho tok han millom henderne
og drog han ut.
Daa mannen skulde prøva att, var han for vid.
Kann du kje knip 'an inn? sa ho.
So fekk ho skoen att, og kneip han inn so han vart hø-
veleg vid.
Daa ho flidde skoen til han, sa ho: E du raden her ette
dags, sò ska eg gjera sò me deg au!
Sidan livde dei godt ihop.

Socken Bjelland
Arkivinstitution Norsk folkeminnesamling
Licens Creative Commons (CC-BY)

Fler sägner från

Utforska fler sägner & folktro
MIMER // Kunskapsassistent KLAR
MIMER //