Transkriberad uppteckning
Gastehylen er ein hyl i Kroksteigjann under Mjaaland i Aaseral.
Der var ein mann som hadde teke ein bytestein og kasta i Gastehylen. So vart han gast. Dei høyrde han stræva med aa lyfta steinen upp av hylen. Naar han hadde steinen eit stykke uppe, so lo han; men naar steinen sokk ned att, skreik han so det var fælt aa høyra.
Dersom dei gjeng beint til gasten, og legg steinen der han peikar, so fær dei fred for han.
Det var ein stad dei hadde aldri fred for gasten, han gjekk og gaula kveldarne og nætterne utetter.
So var det ein kveld der kom ein kraamkar til gards og skulde vera der med natti. Daa det leid paa kvelden, tok gasten til aa huva so fælsleg, og folki klaga seg for kraamkaren.
Han meinte det var raad til aa verta kvitt gasten, berre dei gjekk til han og tala vel med han. Men mannen meinte det var raadlaust.
E dykke rædde for gasten? sa kraamkaren. D'e kje nok' aa vera rædd'e for!
Der tôr daa ingen gaa te 'an ò tale me 'an, meinte mannen. De var daa kje noke vanskeli. De kunne han gaa te 'an! sa kraamkaren.
So gjekk han ut paa tunet, og gasten heldt paa og skreik og gaula i heidi.
Kraamkaren gjekk ned til han, og mannen stod paa tunet og saag etter han. Han trudde han var galen.
Daa han kom burt til gasten, sa han: No ska du segje kor steinen he ligge førr, so ska eg legg'an upp. Men so ska du love meg at du ska aller komme her meir!
So la han steinen til rettes der gasten sa han fyre, og sidan vart dei kvitt han