KORPSKRIFTEN

...
Meny

Draugen prøver rom

Transkriberad uppteckning

Draugen i Henningsvær

Det var eingong eit båtlag, som rodde fiske i Henningsvær. Dei vart der ute for ein fyr, som kvar kveld dei kom på land kom inn i båten til dei og tok til å rumstera. Aldri før hadde dei gått ifrå båten før denne kroppen var der. Så ein kveld lura skottkaren seg nedover til sjøen for å sjå etter korleis dette kunde ha seg. Då han kom nedover til sjøen så la han seg på lur attmed båten, som var sett opp på land. Strakst etter kom det ein fyr opp i båten og gav seg til å greine der. Sette seg først i framromet. Nei, der høvde det ikkje. Og såleis gjekk det attover. Jau i skottromet høvde det. "Ja høve dæ te de, så høve dæ te me og", sa skottkaren og slog til med ein skalkjepp han hadde i handa. Men om vinteren kom skottkaren bort på sjøen.

Socken Vevelstad
Arkivinstitution Norsk folkeminnesamling
Licens Creative Commons (CC-BY)

Fler sägner från

Utforska fler sägner & folktro
MIMER // Kunskapsassistent KLAR