KORPSKRIFTEN

...
Meny

Kone av huldreætt

Transkriberad uppteckning

Huldre på Bonholmen.

På Bonholmen var det eingong ein gut, som fekk sjå ei hulder. Han tok ein kniv og kasta etter henne og råka ho i håret. Då han hadde gjort det byrja huldergjenta å gråta så guten syntest synd i henne, vakker var ho og. No fekk ho alder vera ilag med sitt folk meire, sa ho. Guten tyktes som sagt synd i henne og vilde veta om det ikkje var noko han kunde gjera for å bøta skaden han hadde gjort. Han fekk då det råd, at han skulde gifta seg med henne, og det gjorde han. Ho vart ei meir enn vanleg dugande kåna, og så mykje undandrott som då, det hadde han aldri havt av kreturan før. Ein dag ho gjekk åt fjøset og bar ei bøtta med seg, så lura han seg til å gå etter henne. Då stod det ei gild rød ku og ein gasta ver på båsen, og kua sat kjerringe og mjølka. Men han hadde aldri sett dei på garden før.

Socken Vevelstad
Arkivinstitution Norsk folkeminnesamling
Licens Creative Commons (CC-BY)

Fler sägner från

Utforska fler sägner & folktro
MIMER // Kunskapsassistent KLAR