Transkriberad uppteckning
Gamlingen og kritringen.
På Rokkås i Vefsn budde ei tid to brør som var så fæle til å
drikka og spela kort. Dei spela kort for å få pengane av folk.
Ein gong kom det ein framandkar og tok til å spela kort med
dei. Men då måtte dei åt, framandkaren vann kvart spelet. Det
tok til å verta usemje i laget, så det såg ut til slagsmål. Men så
var det ein som slepte ned eit kortblad, og då han skulde taka
det opp, så fekk han sjå framandkaren hadde klør på føtene. Då
skjøna dei kva kar dei hadde med i laget. Dei sende då bod
etter ein dei kalla Røss-Ola. Han kom straks, og då han kom
inn, så teikna han ein ring, på golvet med eit kritstykke. Og ned
gjennom den ringen mana han Gamlingen. Han kvinka og bad
for seg, men ned måtte han.