Transkriberad uppteckning
Finnen på langferd.
Johan Bendikson hadde eingong ein finn til leikar i Lofoten.
Då Johan fór heimanfrå det året, så var kona, ho heitte Gurina,
med småkarar. Johan var difor litt ottesam for å fara, men då
det var livberginga om å gjera, så var det ikkje anna å gjera
enn å fara. Så ein morgon dei sat inne i bua i lofotværet, så
seier Johan at det rett skulle ha vore gildt å vita korleis det
stod til heime. No hadde dei høyrt at finnane kunne gjera så
mykjen trolldom, og så var det ein som spurde finnen om ikkje
han kunne seia dei det. Jau det meinte han ikkje skulle vera
rådlaust. Og så la han seg bortpå belen, dei høyrde berre han
goktla (prata) noko med seg sjølv medan han liksom kraup inn
i kufta. Det varde ei stund før det vart liv i finnen att. Kufta
låg der nok, men ho såg liksom så samanskrumpa ut. Så med
eitt byrja kufta å røre på seg att, og så var finnen der. Jau
det stod berre godt til heime, sa han, Gurina hadde fått seg små,
ho sat nett og let småbarnet få mat då han var der. Og for at
dei skulle sjå han tala sant, så hadde han teke ei sølvskei med.
Johan vart høgleg undren, for han kjende att skeia som si. Då
dei kom heim om våren kunne kona fortelja at dei hadde vorte
av med ei sølvskei om vinteren. Ei smågjente hadde sete med
skeia, då ein svart katt kom inn døra fekk tak i skeia og fór
sin veg att før dei fekk tid til å gjera noko.