Fjaler,
Flytte Fjøset
Eit Kveld, so sto dar ein Mann utpaa Tuna aa hogde Ve. Mæ han stende dar, kjeme ein framande Kar i blaa Klæ burt ti honaa. Han segje inkjevetta, bære stende glana. "Ditte æ ein rare Kare" tenkte Mannen, men han sa helde ikkje noke. Da drygde ikkje lengje, fyrr Mannen va færige, aa daa spurde han Fyren, um han vilde gaa inn aa ete ti Kvelds mæ dei". "Ja men naar vi du kome ti meg?" spurde han. "Eg veit ikkje kvar du bur", svarde Mannen. "Da æ inkje laangt unda". Karen fylde daa inni Staua mæ; men dar tok Hunden paa ti gøy so ratt yvehendigt, at Stakkaren visste 'kje kvar han sku gjere taa seg. "Du trenge ikkje um væ rædde", sa Mannen, "Hunden æ gossle; han gjere 'kje noke". Men dan Framande va like rædde han aa torrde mæ Nøinne ete. Daa skynde Mannen, at han va taa Hittfolkja, men han leest inkje forstaa. Um Kvelden, daa Tussen gikk, ba han Mannen sjaa innum Dyre te seg. Han lovde da; men han sku bie, ti han vart henta. Aa jau, um ei Ti, dar kom Tussen atte aa ba Mannen fylgje seg. Dei gikk burt aat ein Hoge, tett attmæ Husaa ti Manna; her va da dei helt til. Daa dei kom inn, sto dar dækka Bor mæ Gull aa Sylv aa alle dei beste Rette. Mannen vart skipa i Høgsæte; men lika yve Haue hass, hekk dar ein Kvennasteine taa Gull itte ei Silkjesnor. Han va so rædde, at han knapt va go ti smake Maten, men Tussen sa, han ha ikkje Bò væ rædde, han gjore ikkje noke, han skulde ikkje falle ne yve honaa. Dette sku no væ so ei Prett fy Hunden. Daa dei hadde sote ei Stund, felle dar noke ne paa Bora. "Fy, fy!" sa Tussen aa ropte paa Kvinnfolkje, dei sku kome take da vekk. (Dei he same Visa so Kristefolk: æ da noke, lyte dei fulla ha Kvinnfolkje te gjere da). Tussen sa daa ti Mannen, at da va ein Tinge, han vilde be honaa um, aa da va ti flytje Kyrafloren sin, fy han sto nett like yve Tussen sit Matbor. Mannen saag no sjøl, at dette va ufjelgt, aa lovde han sku gjere da, naar Vaaren kom, men no mæ Vinterstie saag han seg ikkje Syn i te rive honaa ne. Ditte tykte Tussen va mykje rimele, aa han vilde ikkje krevje helde da. Men han sa da, at naar han bare kom ne, skulde dar nok verte ei Raa mæ ti faa honaa upatte, bære Mannen vilde setje honaa dar, Tussen sku syne honaa. Dei skildes so goe Vene, aa dan Ti Mannen gikk, segje Tussen mæ honaa, at han fekk take seg vare, naar han foor gjønaa Dyra. Tussane he jamt dan Visa, at anten slær dei kokande Vatten yve Kristefolk, helde so knipe dei ti dei mæ gloande Jarn; dify skal ein jamt fysst gaa atta um Dyra. Men dei torde no ikkje røyre Mannen, - Gamle-Tussen vilde 'kje da - , so han kom skikkele væl utatte. So Von va, flytte han Floren; men da kom han inkje ti aanke paa.