Transkriberad uppteckning
I Flekke hende da kver einaste Jul, at Folkji maatte flytte uto Staua Julafta aa halde seg i Eldstaua fy da Tussanne kom. Men dei maatte setje Bora tirettes, fyrr dei gjikk, aa laga alt væl istand, fy Tussane visste nok kor dei vilde ha da. Aa ja, dei kunde mest gjenne gjere da au, fy Tussane foor so væl mæ Beistaa fy Umakjen. So hende da seg eit Julekveld, daa Folkje heldt paa te flytte ut, at dar kom ein frammande Kar ti Gars, aa ba um Hus. "Ja me he nok ikkje stort sjøl", svarde dei "fy Tussanne ska ha Staua vaar". "Ja so kan eg faa væ dar", sa Mannen "eg tykkje eg sku ha Moro ti sjaa paa dei". Ja, Folkje kunde 'kje segje noke ti dette; Karen fekk raa seg; han inn i Staua, aa der la han seg uppaa Hjelen mæ ei Øks i Handa. Da drygde 'kje lengje fyrr dei kom, aa dar va so fullt, at Folk so sto utanfyre aa glorde gjønnaa Glase saag bere Høue i Høue. Kvinnfolkje tok ti reie Bora, aa dei vart so pass utpynta baa mæ Gull aa Sylv. Sia sku da skipe seg ti Sætes alt same, aa han so høgst va i Høgsæte; han heitte Terning aa sku' ha tri Høue, sa dei. Daa dei hadde gjort seg tigoes ei Stund baa mæ Mat og Drikke, røyste ein taa Tussanne seg, tok fram ei Gaave aa sa: "ditte gjeve eg til Terning!" Dan andre aa trie gjore likeeins, men no røyste Mannen på Hjelen seg, slængde Øksa i Terning aa sa: "Ja men ditte gjeve eg ti Terning!" Dar vart fulla Uppstyr, dei skunda seg paa Dyr, so dei vann aa leet alt itte seg. Da fekk Mannen paa Hjelen. Dei kom dar aldri meir, men dan Jula itte, daa dei bryggja i Flekke, laag dar ein Orme i Kjela, so dei maatte slaa ut heile Bryggje. Da Spikke hadde Tussane gjort. Øksa fann dei atte ein Sumaren inni Tyrvedala. Dar æ eit Stygjeplass: Ein he seet høueløuse Troll gaa dar aa flaa. Dei hadde Store Auge paa Hæraa. -