KORPSKRIFTEN

...
Meny

Kvitormen (Visormen)

Transkriberad uppteckning

Den kvite ormen.

På ein plass i Seljord budde for lenge sidan ei kjering, som var kunnig i alslags trolldom. Og gode læremeistrar hadde ho. Alle finnefenter som kom til bygdi, tok inn hjå henne og låg der vikuvis. Ho fødde dei nok ikkje for ingenting, den megga.
Ei gong hadde ho funne ein kvitorm. Det er bare eit vingel å koma yvi slike ormar, og dei hev kraft i seg til å lækje alle sjukdomar. Når ein kokar den kvite ormen, kjem det 3 stjernur på søet. Den eine bli ein vis av, den andre synsk av, men den tridje bli ein galen av, og den sviv rundt som eit hjul.
Plassekjeringi koka ormen på vanleg vis, gjekk so ned i fjoset for å stulle krøturi. Dotteri Margit gjekk stuka aleine i stogo. Ho såg gryta stod der, og barn som ho var, trudde ho det var spa. Ho tok ein braudmole, duppa i gryta og fekk so fatt i den stjerna ein bli synsk av. Då ho hadde ete upp braudet, kunde ho sjå gjennom tykke veggen. So gjekk ho ned i fjoset til mori og ropa glad: "No veit eg hoss kalven er lita, den Gullros fær." "Å bære meg for deg, bån, du hev vel ikkje vore på gryta," skreik mori. Ho visste korleis Margit vilde lide av den synske evna. Og Margit fekk lide. Alt det vonde som hende i bygdane omkring, såg ho. Soleids drukna ein mann med Sinnesodden, og Margit såg det. Ho var næsten frå seg av redske, skreik og auda seg at dei skulde avstad å hjelpe mannen. Ho fekk ikkje svevn på augo nott eller dag av alt det ho såg, og tilslut heldt ho på miste vitet. Men til all lukke kom ei finnefente til plassen. Då ho fekk vita kva fela jenta, tok ho det av henne og kasta det ut i "væ og vind". Margit kjende ikkje meir til den synske evna etter den dagen.

Socken Seljord
Arkivinstitution Norsk folkeminnesamling
Licens Creative Commons (CC-BY)

Fler sägner från

Utforska fler sägner & folktro
MIMER // Kunskapsassistent KLAR